Forlik deg med Gud!
1 Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2 Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud?
Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.
3 Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd,
har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?
4 Er det di gudsfrykt ¬han refser deg for
når han fører klagemål ¬mot deg?
5 Er ikkje din vondskap stor
og dine misgjerningar ¬utan ende?
6 Du panta brørne dine ¬utan grunn,
drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.
7 Den trøytte gav du ikkje vatn,
den svoltne lét du ikkje få brød.
8 Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt,
og berre storfolk skal bu der!
9 Du sende enkjer ¬tomhendte bort
og nekta å hjelpa farlause born.
10 Difor er snarer sette ikring deg,
brått vert du gripen av redsle.
11 Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå,
ein vassflaum skyl over deg.
12 Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen?
Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!
13 Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud?
Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?
14 Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjå
der han vandrar ¬utmed himmelranda.»
15 Vil du fylgja den gamle stigen
som ugjerningsmenn ¬har trakka?
16 Dei vart rivne bort før tida,
flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.
17 Dei sa til Gud: «Gå frå oss!
Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»
18 Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting;
nidingars råd var langt ifrå han.
19 Dei rettferdige ¬ser det med glede,
og dei skuldlause spottar dei:
20 «Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre,
resten av dei har elden øydt.»
21 Forlik deg no med han ¬og hald fred,
så skal lukka venda tilbake ¬til deg.
22 Ta imot rettleiing ¬frå hans munn,
og legg deg hans ord på hjarta.
23 Vender du om ¬til Den Allmektige,
skal du atter reisast opp.
Held du urett borte frå ditt telt,
24 og kastar du gullet ditt i støvet,
ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,
25 skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg,
ja, som det finaste sølv.
26 Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige,
og lyfta andletet til Gud.
27 Når du bed til han, ¬vil han høyra deg,
og du skal gjera det du har lova.
28 Det du set deg føre, ¬skal lukkast,
og ljos skal skina på dine vegar.
29 Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig,
men frelser dei ¬som slår augo ned.
30 Han bergar den ¬som er fri for skuld;
har du reine hender, ¬vert du berga.