Den gudlause har berre mørker i vente
1 Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:
2 Mine tankar gjev meg svar ¬på dette,
difor er eg så oppøst.
3 Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord,
men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.
4 Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid,
heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:
5 Dei gudlause jublar ¬ei lita stund,
ein augneblink varer ¬nidingens glede.
6 Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt,
og hans hovud reiser seg ¬mot sky,
7 så går han for alltid ¬til grunne som skit;
dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»
8 Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir,
han kverv som eit syn om natta.
9 Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger,
han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.
10 Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp;
og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.
11 Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft,
men no må ho fylgja ¬med han i støvet.
12 Det vonde smakar søtt ¬i hans munn,
han gøymer det under tunga.
13 Han sparer på det ¬og slepper det ikkje,
men held det fast mot ganen.
14 Likevel vert maten omskapt ¬i hans mage
og vert til ormeeiter i hans liv.
15 Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp,
Gud driv det ut or hans buk.
16 Ormeeiter må han suga i seg,
hoggormen drep han ¬med si tunge.
17 Aldri får han sjå at det renn
bekker med honning ¬og elvar med mjølk.
18 Han må gje att ¬det han har vunne,
og får ikkje nyta godt av det;
han har inga glede ¬av den rikdom han vann.
19 For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja,
han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.
20 Men inni seg fekk han aldri ro,
med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.
21 Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst,
difor skal hans velstand ¬ikkje vara.
22 Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod,
ulukka råkar han ¬med all si makt.
23 For at han skal få nok,
sender Gud imot han ¬sin brennande vreide
og lèt undergang regna på han.
24 Rømer han for jernvåpen,
skal ein bronseboge ¬gjennombora han.
25 Han dreg pila ut or ryggen
og blanke odden or galleblæra;
då vert han gripen av redsle.
26 Berre mørker har han i vente.
Han skal øydast av ein eld
som ingen blæs på.
Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna,
skal det gå ille.
27 Himmelen openberrar ¬hans skuld,
og jorda reiser seg mot han.
28 Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad,
ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.
29 Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud,
det er den arv han har etla dei.