Er det von for meg?
1 Mi livskraft er slokna,
mi tid er ute,
eg har berre grava i vente.
2 Sanneleg, eg møter spott,
mine augo er trøytte ¬av deira motstand.
3 Lat ein annan gå god for meg ¬hjå deg!
Kven skulle elles gje meg ¬sitt handtak?
4 Du har stengt deira hjarta ¬for skjøn,
difor lèt du dei ikkje triumfera.
5 Ein mann fortel sine vener
korleis eigedomen hans ¬skal delast;
men sønene hans ¬får sløve augo.
6 Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk,
eg er ein mann ¬som dei spyttar på.
7 Augo mine er sløve av sorg,
mine lemer kverv ¬som ein skugge.
8 Rettferdige folk støkk til ¬av slikt,
den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus.
9 Men den rettferdige ¬held fast på si ferd,
og den som har reine hender,
får endå større kraft.
10 Men de, kom att alle saman!
Eg finn ingen vismann ¬mellom dykk.
11 Mi tid er ute, ¬mine planar er knuste,
alle dei ynske eg hadde.
12 Mine vener gjer natta ¬til dag
og seier at ljoset ¬er nærare enn mørkret.
13 Er det von for meg?
Dødsriket er min bustad,
i mørkret reier eg mi lege.
14 Eg ropar til grava: ¬«Du er min far!»
og til krypet i jorda: ¬«Mi mor og syster!»
15 Kvar finst vel det ¬som eg kan venta på?
Er det nokon ¬som øygnar von for meg?
16 Går vona til dødsriket ¬saman med meg,
sig vi ned i støvet på same tid?