Job 14

Du har sett ei grense for mennesket

1 Mennesket, ¬født av ei kvinne,

lever kort og fyllest av uro.

2 Det skyt opp som blomen ¬– og visnar,

det fer bort som skuggen ¬og står seg ikkje.

3 Men du held vake auga ¬med mannen

og stemner han for din domstol.

4 Kan det koma ein rein ¬av ein urein?

Nei, ikkje ein.

5 Er mannens levetid fastsett,

har du avgjort hans månadstal,

har du sett ei grense for han,

som han ikkje kjem utom,

6 så lat han få vera i fred

medan han gleder seg ¬over sin arbeidsdag.

7 For eit tre er det von.

Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att;

det vantar ikkje renningar.

8 Om røtene i jorda eldest,

og stuven morknar i molda,

9 så veks det opp att ¬ved eimen av vatn

og set skot som eit nyplanta tre.

10 Men når mannen døyr, ¬er det ute med han,

går mennesket bort, ¬kvar finst det då?

11 Som vatnet renn ut or sjøen,

som elva minkar og turkar ut,

12 såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp;

han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til;

ingen vekkjer han or svevnen.

13 Gjev du ville gøyma meg

og halda meg løynd i dødsriket

til vreiden din går over!

Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for meg

og så atter koma meg i hug!

14 Kunne ein som er død, få liv,

då ville eg halda ut i striden

til det kom avløysing for meg.

15 Då skulle du ropa på meg ¬og få svar,

du skulle lengta ¬etter din skapning.

16 Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek,

og ikkje akta på mi synd.

17 Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung,

og du har sett stengsle ¬for mi skuld.

18 Men fjell kan falla ¬og smuldra bort,

og berg kan rykkjast av lage.

19 Som vatn holar ut stein,

og ausregn skyl moldjord ¬bort,

såleis gjer du ende ¬på mannens von.

20 Du vinn over han for alltid,

og han må gå sin veg;

du sender han bort ¬med skamfare andlet.

21 Kjem hans søner til ære, ¬veit han det ikkje;

går det nedover med dei, ¬merkar han det ikkje.

22 Han har nok ¬med verken i sin kropp

og med si eiga sjelenaud.