Hjå Gud er visdom og velde
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, de er sanneleg ¬noko til karar!
Med dykk døyr nok ¬visdomen ut.
3 Men eg òg har vit,
eg er ikkje ringare mann enn de.
Kven kjenner ikkje til slikt?
4 Eg er til lått for mine vener,
eg som ropa til Gud ¬og fekk svar,
eg som er rettvis og ærleg.
5 «Bry deg ikkje om ulukka!»
tenkjer dei som er trygge.
«Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.»
6 Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred;
trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreide
og trur dei har Gud i si hand.
7 Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg,
himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap.
8 Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg,
fisken i havet ¬har noko å fortelja.
9 Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette,
at Gud har skapt det ¬med si kraft?
10 Han har kvar levande sjel ¬i si hand
og rår over ånda ¬i kvar manns kropp.
11 Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde,
liksom ganen smakar på maten?
12 Er det berre dei gamle ¬som har visdom,
berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?
13 Hjå Gud er visdom og velde,
han legg planar med vit.
14 Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp;
når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.
15 Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort,
han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.
16 Hjå han er styrke og klokskap;
han rår over den som fer vilt,
og over den som fører vilt.
17 Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort,
og domarar gjer han til dårar.
18 Han løyser kongars lekkjer
og bind hoftekledet om dei.
19 Han fører prestar ¬berrføtte bort
og feller mektige menn.
20 Han tek mælet ¬frå pålitelege folk
og dømekrafta frå dei eldste.
21 Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstar
og løyser beltet på sterke menn.
22 Han avslører det ¬som er løynt i mørkret,
og det ¬som er stummande mørkt,
fører han fram i ljoset.
23 Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei,
lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort.
24 Han tek vitet ¬frå landsens hovdingar
og fører dei vilt i veglaus audn.
25 Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje,
han lèt dei raga ¬som drukne menn.