Kan eit menneske ha rett mot Gud?
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, eg veit at det er som de seier:
Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud?
3 Vil det føra sak mot han,
kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen.
4 Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke.
Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det?
5 Han flytter fjell ¬før nokon veit av det,
han velter dei i sin vreide.
6 Han rister jorda ut av lage,
så søylene hennar skjelv.
7 Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina,
og set segl for stjernene.
8 Åleine spente han himmelen ut
og skrid fram ¬over havsens bylgjer.
9 Han skapte Løva og Orion,
Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen.
10 Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska,
og under som ingen kan telja.
11 Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje;
når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.
12 Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd?
Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»
13 Gud held ikkje att sin vreide,
jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.
14 Korleis skulle eg kunna svara
og velja mine ord ¬når eg talar med han?
15 Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett,
men laut nok be min domar ¬om nåde.
16 Og gav han meg svar ¬når eg ropa,
kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg.
17 Han ville knusa meg i stormen
og utan grunn gje meg ¬mange sår.
18 Han lét meg ikkje dra pusten,
men fylte meg med liding.
19 Er det tale om styrke, ¬så har han den,
og om rett, kan han seia: ¬«Kven stemner meg?»
20 Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig,
og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg.
21 Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet,
eg bryr meg ikkje om å leva.
22 Det kan vera det same! ¬Difor seier eg:
Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge.
23 Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død,
så spottar han
når ein skuldlaus misser motet.
24 Jorda er gjeven ¬i nidingars hand,
Gud stengjer synet ¬for dei som styrer.
Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då?
25 Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa,
dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.
26 Dei fer sin veg som sevbåtar,
som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.
27 Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg,
eg vil skifta mine og vera glad,»
28 då gruar eg for alle mine plager,
eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.
29 Må eg stå der skuldig,
kvifor strevar eg då til fåfengs?
30 Om eg vaska meg i snøvatn
og gjorde hendene reine i lut,
31 straks ville du dukka meg ¬i ei grøft,
så kleda mine stygdest ved meg.
32 Han er då ikkje ein mann ¬som eg,
så eg kan gje han svar
og gå for retten saman med han.
33 Det er ingen skilsdomar
som kan leggja handa ¬på oss begge
og avgjera saka mellom oss.
34 Å, om Gud tok bort riset,
så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!
35 Då skulle eg tala utan å reddast;
for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.