Job 8

Gjev du ville venda deg til Gud!

1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2 Kor lenge vil du tala så

og la orda rasa som eit uver?

3 Trur du Gud kan rengja retten,

at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt?

4 Har borna dine synda mot han,

så har han gjeve dei ¬deira brot i vald.

5 Gjev du ville venda deg til Gud

og be Den Allmektige om nåde!

6 Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg,

vil han vaka over deg,

atter reisa din bustad ¬og gje deg rett.

7 Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde,

mot det store du sidan skal få.

8 Berre spør dei framfarne ætter,

gjev akt på det fedrane fann ut.

9 Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort,

som ein skugge er våre dagar ¬på jorda.

10 Fedrane skal læra deg ¬og seia frå,

tala til deg ut frå det dei veit.

11 Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt,

trivst storren ¬der det ikkje finst vatn?

12 Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren,

turkar han bort ¬før alt anna gras.

13 Så går det med alle ¬som gløymer Gud,

vona kverv for den gudlause.

14 Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar,

han set si lit til spindelvev.

15 Han stør seg til sitt eige hus,

men det held ikkje;

han klengjer seg til det,

men det står ikkje støtt.

16 Han står som eit grønt tre i sola,

greinene breier seg ut ¬over hagen.

17 Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys,

hakar seg fast mellom steinane.

18 Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad,

kjennest staden ikkje ved han:

«Vi har ikkje sett deg.»

19 Sjå, såleis endar hans liv,

og ein annan gror opp or molda.

20 Sjå, Gud vil aldri visa bort

den som er heil i si ferd;

men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa.

21 Han skal fylla din munn ¬med lått

og leggja jubelrop ¬på dine lipper.

22 Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam,

telta åt dei gudlause vert borte.