Job 6

Krafta er borte, og venene sviktar

1 Då tok Job til ords og sa:

2 Gjev mitt mismod kunne vegast

og all mi ulukke ¬leggjast på vekt!

3 For no er ho tyngre ¬enn havsens sand,

difor talar eg så tankelaust.

4 Piler frå Den Allmektige ¬sit i min kropp,

mi ånd syg i seg deira gift.

Guds redsler fylkar seg ¬mot meg.

5 Skrik vel eit villesel ¬i grøne graset,

rautar ein okse ¬når han har fôr?

6 Kven et det som smakar flautt

fordi det ikkje er salta?

Er det smak på stokkrose-saft?

7 Det byd meg imot ¬å røra ved slikt,

det er som å eta utskjemd mat.

8 Å, om mi bøn vart høyrd,

om Gud ville oppfylla mi von!

9 Gjev han sette seg føre ¬å knusa meg,

lyfte si hand ¬og skar av min livstråd!

10 Då hadde eg likevel trøyst

og kunne hoppa av glede ¬i nådelaus pine.

For eg har ikkje fornekta ¬orda åt Den Heilage.

11 Har eg kraft til å halda ut,

har eg eit mål å sjå fram til,

så eg kan venta med tolmod?

12 Er eg så sterk som stein,

har eg ein kropp av bronse?

13 Nei, eg kan ikkje hjelpa ¬meg sjølv,

og mi von om berging er ute.

14 Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste,

har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige.

15 Mine brør har svikta ¬som ein bekk,

som eit elvefar ¬der vatnet er borte.

16 Vatnet kan grumsast til av is,

og snø kan blanda seg i det.

17 Men i turketida stilnar elva,

når varmen kjem, kverv ho.

18 Karavanar tek ein annan veg,

dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne.

19 Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn,

ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det.

20 Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar;

då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne.

21 Så er de for meg i dag;

de ser det som skræmer, ¬og vert redde.

22 Har eg vel sagt: «Lat meg få!

Gjev meg ei gåve av det de eig!

23 Berga meg frå fiendens grep,

fria meg frå valdsmenns hand!»

24 Gjev meg rettleiing, ¬så skal eg teia,

syn meg kvar eg har fare vilt!

25 Ærlege ord kan ikkje såra,

men kva hjelper det vel ¬om de formanar?

26 Tenkjer de å refsa meg ¬for mine ord?

Ein vonlaus mann ¬talar ut i veret.

27 Kastar de lodd ¬om foreldrelause born,

eller kjøpslår de om ein ven?

28 Gjer no vel og sjå på meg!

Trur de eg lyg dykk ¬midt opp i andletet?

29 Tenk dykk om ¬og gjer ingen urett!

Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett.

30 Er det då urett på mi tunge,

har eg ikkje sans ¬for det som er vondt?