Job 5

Vanvørd ikkje tukt frå Den Allmektige!

1 Set i og ropa! ¬Finst det nokon som svarar?

Kven av dei heilage ¬vender du deg til?

2 Mismod tek livet av dåren,

harme drep den godtrune.

3 Eg såg ein dåre som slo rot,

men brått laut eg forbanna ¬hans bustad.

4 Borna hans var hjelpelause,

knuste i porten, ¬utan bergingsmann.

5 Dei svoltne åt opp det han avla,

dei tok det jamvel ¬mellom klunger,

og dei tyrste ¬greip etter godset hans.

6 Nei, ulukke veks ikkje ¬opp or molda,

og møde gror ikkje ¬fram av jorda.

7 Men mennesket er født til møde

liksom gneistar flyg høgt i veret.

8 Men eg, ¬eg ville venda meg til Gud

og leggja mi sak i hans hand.

9 Han gjer storverk ¬som ingen kan granska,

og under som ingen kan telja.

10 Han lèt det regna på jorda,

sender vatn over åker og eng.

11 Han reiser opp folk ¬frå ringe kår,

lyfter og bergar dei som syrgjer.

12 Han gjer planane åt dei kloke ¬til inkjes,

så deira gjerning ikkje lukkast.

13 Han fangar dei vise ¬i deira klokskap,

dei listige er for snare ¬til å leggja planar.

14 Om dagen støyter dei ¬på mørker,

middagstider trivlar dei ¬som om natta.

15 Dei fattige bergar han ¬frå kvasse sverd,

ut or hendene på dei sterke.

16 Då er det von for småkårsfolk,

vondskap må lata att sin munn.

17 Ja, sæl er den ¬som får refsing av Gud,

tukt frå Den Allmektige ¬skal du ikkje vanvørda.

18 For om han sårar, fetlar han òg;

og slår han, ¬lækjer han med si hand.

19 Seks gonger bergar han deg ¬frå trengsle,

den sjuande ¬skal ulukka ikkje nå deg.

20 I hungersnaud friar han deg ¬frå døden,

i krig frå det kvasse sverdet.

21 Bitande tunger ¬skal ikkje nå deg,

du treng ikkje reddast ¬når ulukka kjem.

22 Du kan le åt herjing og hunger

og treng ikkje reddast ¬for villdyra i landet.

23 For du har pakt ¬med steinane på marka,

og villdyra held fred med deg.

24 Du merkar ¬at teltet ditt står trygt,

du ser over din bustad, ¬og ingenting vantar.

25 Du får sjå at ætta di aukar,

at dine ætlingar vert talrike ¬som plantene på jorda.

26 I fullmogen alder ¬skal du gå i grav,

som kornband vert samla ¬i rette tid.

27 Ja, dette har vi granska, ¬og så er det.

Det skal du høyra ¬og merka deg!