David takkar og lovsyng
1 Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren.
2 Han sa:
Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,
3 min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til.
Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern,
mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald.
4 Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong,
og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.
5 Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg,
undergangsstraumane ¬skræmde meg.
6 Helheims reip ¬snørte seg om meg,
dødens snarer låg i min veg.
7 Då kalla eg på Herren ¬i mi naud
og ropa til min Gud.
Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,
til hans øyra nådde mitt rop.
8 Då skalv og riste jorda,
himmelens grunnvollar skok,
dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn;
gneistar og glør fór ut frå han.
10 Han senka himmelen ¬og steig ned
med svarte skyer ¬under sine føter.
11 Sitjande på kjerubar flaug han,
kom til synes ¬på vengene åt vinden.
12 Han gjorde mørkret til sitt telt,
og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.
13 Frå stråleglansen framføre han
fór det ut gneistar og glør.
14 Herren torna frå himmelen,
Den Høgste lét røysta si lyda.
15 Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,
han sende lyn og skræmde dei.
16 Rennene på havbotnen ¬kom til synes,
grunnvollane under jorda ¬viste seg
då Herren truga,
ja, bles og fnyste av vreide.
17 Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg,
drog meg opp ¬or det djupe vatnet.
18 Han berga meg ¬frå min mektige fiende,
frå motstandarar ¬som var meg for sterke.
19 Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,
men Herren var ei støtte ¬for meg.
20 Han førte meg ut i ope lende
og fria meg ut, ¬for han har meg kjær.
21 Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,
han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.
22 For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar
og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.
23 Alle hans lover ¬hadde eg for auga
og veik ikkje av frå hans bod.
24 For han var eg heil i mi ferd
og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferd,
då han såg at eg var rein.
26 Du er trufast ¬mot den som er trufast,
heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.
27 Du viser deg rein mot ¬den reine,
men vrang mot den svikefulle.
28 Du frelser dei hjelpelause,
men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.
29 Ja, du er mitt ljos, Herre,
Herren lyser opp i mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som flyr til han.
32 For kven er Gud ¬forutan Herren,
og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?
33 Gud er mitt sterke vern;
han gjer mi ferd ulastande.
34 Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35 Han lærer opp mine hender ¬til strid,
mine armar til å spenna ¬bronsebogen.
36 Du gjev meg di frelse til skjold,
bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du jamnar veg for mine steg,
og mine okle er støe.
38 Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut,
eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.
39 Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut,
så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg under føtene mine.
40 Du rustar meg ¬med styrke til striden
og tvingar mine motstandarar ¬i kne.
41 Du slår mine fiendar på flukt,
eg rydjar ut dei som hatar meg.
42 Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar,
dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.
43 Eg knuser dei ¬som støv på jorda,
trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.
44 Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid,
heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;
45 framande kryp for meg,
dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.
46 Ja, dei framande er utmødde,
skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.
47 Herren lever! ¬Mitt berg vere lova!
Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.
48 Gud gjev meg hemn
og legg folkeslag under meg.
49 Han friar meg frå mine fiendar,
ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar
og bergar meg frå valdsmenn.
50 Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre,
og prisar ditt namn med song.
51 Han gjev sin konge store sigrar,
han er trufast ¬mot den han har salva,
mot David og hans ætt ¬til evig tid.