Johannes’ openberring 15

Songen for Lammet

1 Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.

2 Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3 og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet:

Store og underfulle ¬er dine gjerningar,

Herre Gud, du Allmektige.

Rettferdige og sanne ¬er dine vegar,

du konge over alle folkeslag.

4 Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre,

og æra ditt namn?

For einast du er heilag.

Alle folkeslag skal koma

og tilbe for ditt åsyn,

fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.

Dei sju siste plagene

5 Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.

6 Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.

7 Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.

8 Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.