Tilbeding i himmelen
1 Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»
2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen.
3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd.
4 I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet.
5 Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder.
6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.
7 Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg.
8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:
Heilag, heilag, heilag
er Herren Gud, Den Allmektige,
han som var og som er ¬og som kjem.
9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve,
10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,
til å få all pris og ære og makt.
For du har skapt alle ting;
du ville det, og dei vart til, ¬skapte av deg.