Sefanja 2

Søk Herren!

1 Kom saman, ¬hald samling,

du folk som ikkje skjemmest,

2 før de kverv ¬som fykande agner,

før han kjem over dykk,

Herrens brennande vreide,

før han kjem over dykk,

Herrens vreidedag!

3 Søk Herren,

alle de audmjuke i landet,

de som gjer hans vilje!

Legg vinn på rettferd ¬og audmykt,

så vert de kanskje sparte

på Herrens vreidedag!

Domsord mot andre folkeslag

4 Gasa skal liggja folketomt

og Asjkalon verta ei øydemark.

Midt på ljose dagen

skal folket i Asjdod ¬drivast bort,

og Ekron skal herjast ¬til grunnen.

5 Ve deg, du kretarfolk,

som bur utmed havet!

Dette er Herrens ord mot deg:

«Kanaan, du Filistarland,

eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der.

6 Landet ved havet ¬skal verta til beite,

til hamnegang for gjætarar,

til kve for sau og geit.»

7 Dei som er att av Juda-ætta,

skal få landet ved havet i eige.

Der skal dei ha sitt beiteland,

og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon.

For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei,

han skal venda deira lagnad.

8 Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moab

og spottorda frå ammonittane,

då dei svivørde folket mitt

og briska seg mot landet deira.

9 Difor, lyder ordet frå Herren,

Allhærs Gud, Israels Gud:

Så sant eg lever,

skal det gå Moab som Sodoma

og ammonittane som ¬Gomorra;

dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve,

ei øydemark til evig tid.

Dei som er att av folket mitt,

skal plyndra dei,

resten av folket ¬skal ta dei i eige.

10 Dette skal henda

fordi dei var storlåtne,

fordi dei var stolte

og spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud.

11 Dei skal få age for Herren

når han rydjar ut alle gudane ¬på jorda.

Og dei som bur på strendene ¬langt borte,

skal tilbe han, kvar på sin stad.

12 De òg, nubiarar,

skal falla for mitt sverd.

13 Han retter ut handa mot nord

og øydelegg Assur.

Han gjer Ninive til audn,

turr som ei øydemark.

14 Midt i byen ¬skal buskapar kvila

og ville dyr av alle slag.

Pelikan og hegre skal sova

på søylehovuda der

og ugla tuta frå vindaugo,

på dørstokken ¬skal ramnen sitja.

Sederpanelet skal rivast av.

15 Dette er den jublande byen

som låg så trygt ¬og sa med seg sjølv:

«Eg – og ingen annan!»

Kor aud han er vorten,

ein kvilestad for villdyr!

Alle som fer framom,

pip og vinkar med handa.