Habakkuk 1

1 Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

Klage over urettferd

2 Kor lenge, Herre, skal eg ropa

utan at du gjev meg svar,

klaga og skrika til deg om vald

utan at du frelser?

3 Kvifor lèt du meg sjå urett

og vera vitne til ulukke?

Eg ser berre øyding og vald,

det kjem til strid og trette.

4 Difor er lova maktlaus,

og retten vinn ikkje fram.

For gudlause kringset ¬dei rettvise,

og dermed vert retten rengd.

Guds straffedom ved kaldearane

5 Gjev akt på folka, sjå dykk om,

mållause av undring!

For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar

– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6 Sjå, eg vekkjer kaldearane,

det harde og framfuse folket,

som fer så vide ikring på jorda

og tek framande bustader ¬i eige.

7 Grufulle og skræmande er dei,

dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8 Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,

snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.

Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,

deira ridehestar ¬frå land langt borte.

Som ørna på jakt etter føde

9 kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.

Stridslystne går dei på,

dei samlar fangar som sand.

10 Dei spottar kongar

og har hovdingar til lått.

Dei ler åt kvar festning,

kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11 Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.

Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

Kvifor har du tol med dei trulause?

12 Er ikkje du frå gamal tid,

Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr?

Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa,

du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13 Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde,

og ulukke orkar du ikkje Œ skoda.

Kvifor har du tol ¬med dei trulause

og teier når gudlause sluker

dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

14 Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen,

som med kreket utan herre.

15 Dei dreg dei alle opp ¬med krok,

og halar dei inn med not,

dei samlar dei i garnet.

Difor er dei jublande glade.

16 Difor ofrar dei til nota

og brenner røykjelse ¬for garnet.

For feit er fangsten ¬som desse gjev dei,

og nærande er føda.

17 Skal dei då alltid få tøma nota

og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?