Ve den blodige byen!
1 Ve den blodige byen!
Han er full av lygn og vald,
aldri held han opp å røva.
2 Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul,
hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner,
3 ryttarar som stormar fram.
Lynande sverd ¬og blinkande spyd,
mengder av drepne, ¬haugar av lik,
ingen ende på falne kroppar
– ein snåvar i lik.
4 Og dette hender
på grunn av all den utukt ¬ho dreiv,
den fagre ¬og trollkunnige skjøkja.
Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utukt
og trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst.
5 Sjå, eg kjem over deg,
lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.
Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andlet
og viser folka din nakenskap
og rika di skam.
6 Eg kastar skit på deg,
vanærar deg ¬og syner deg fram.
7 Alle som ser deg, ¬skal røma frå deg
og seia: «Ninive er herja,
kven har medkjensle ¬med henne?»
Kvar skal eg leita
etter trøystarar til deg?
Spottevise om Ninive
8 Er du betre enn No-Amon,
som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring,
som hadde hav ¬til festningsvoll
og vatn til mur?
9 Byen fekk sin store styrke
frå Nubia og Egypt.
Put og Libya kom han ¬til hjelp.
10 Folket der ¬vart likevel bortført,
det laut fara i fangenskap.
Jamvel småborna deira ¬vart knuste
på alle gatehjørne.
Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd,
og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.
11 Du òg skal verta drukken
og gå frå sans og samling.
Du òg må søkja vern ¬mot fienden.
12 Alle dine festningar
er som fikentre ¬med tidlegfrukt.
Ved minste risting ¬dett dei ned
i munnen på den som vil eta.
13 Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner.
Portane i landet ditt
står vidopne for fienden.
Eld har øydt ¬dine portbommar.
14 Aus opp vatn ¬før du vert kringsett,
set borgene i stand!
Trakka gjørme, stampa leire,
ta mursteinsforma fram!
15 Du skal øydast av eld,
sverdet skal rydja deg ut,
liksom grashoppelarva ¬eta deg opp.
Vert mange ¬som grashoppelarver,
tallause ¬som ein grashoppesverm!
16 Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen.
Larvene kastar hamen og flyg.
17 Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper,
du har ein sverm av skrivarar.
Dei slår seg ned på muren
når dagen har svalna;
når sola renn, flyg dei bort,
og ingen veit kvar dei er.
18 Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge,
dine stormenn søv.
Ditt folk er spreitt på fjella,
og ingen samlar det inn.
19 Det finst ikkje lindring ¬for din skade,
ulækjande er ditt sår.
Alle som får høyra om deg,
skal klappa i hendene.
For kven har ikkje ¬gong på gong
fått smaka din vondskap?