Mot dei griske hovdingane
1 Eg sa: Høyr,
de Jakobs hovdingar,
de styresmenn i Israel!
Skulle ikkje de vita
kva som er lov og rett?
2 Men de hatar det gode
og elskar det vonde.
De flår skinnet av folk
og riv kjøtet av knokane.
3 Dei et kjøtet av folket mitt,
flår skinnet av ¬og knuser beina deira.
Dei breier det ut som i ei gryte,
som kjøtet i ein kjel.
4 Når dei så ropar til Herren,
svarar han ikkje.
Han løyner sitt åsyn for dei
for deira vonde åtferd skuld.
Mot dei falske profetane
5 Så seier Herren ¬om dei profetane
som fører folket mitt vilt,
som forkynner fred og lukke
berre dei får noko å tyggja på,
men lyser heilag krig mot dei
som ikkje gjev dei ¬munnen full:
6 Difor skal det koma over dykk
ei natt utan syner
og mørker utan spådom.
Sola skal gå ned for profetane
og dagen svartna ikring dei.
7 Då skal sjåarane ¬verta til skammar,
spåmennene stå der ¬med vanære.
Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman,
for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.
8 Men eg, eg er full av styrke,
av Herrens Ande, ¬av rett og kraft,
så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot,
til Israel om hans synd.
Jerusalem og templet skal falla
9 Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt,
de styresmenn i Israel,
de som styggjest ved rettferd
og krøkjer det som er rett,
10 som byggjer Sion ¬med bloddåd
og Jerusalem med urett!
11 Der dømer hovdingen ¬for betaling,
presten tek løn for å læra,
og profeten spår for pengar.
Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier:
«Er ikkje Herren ¬midt imellom oss?
Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»
12 Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld –
pløyast som ein åker.
Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys
og tempelberget ¬ein skogkledd ås.