Ingen skal sleppa Guds straff
1 Eg såg Herren stå ¬attmed altaret.
Han sa: Slå til søylehovuda,
så dørstokkane skjelv,
og knus dei,
så dei fell i hovudet på dei alle!
Resten vil eg drepa med sverd.
Ingen av dei skal kunna røma,
ingen av dei skal sleppa unna.
2 Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket,
skal mi hand henta dei der,
og fer dei opp til himmelen,
skal eg støyta dei ned derifrå.
3 Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp,
skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned,
og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn,
skal eg by ormen bita dei.
4 Om fiendar fører dei ¬i fangenskap,
skal eg by sverdet ¬drepa dei der.
Eg vil retta augo mot dei
til ulukke og ikkje til lukke.
5 Herren, Allhærs Gud,
rører jorda så ho skjelv,
og alle som bur der, syrgjer,
ja, heile jorda stig som Nilen
og sig som elva i Egypt.
6 Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelen
og reist sin kvelv over jorda,
han som kallar på vatnet ¬i havet
og auser det ut over jorda
– Herren er hans namn.
Herren er Gud for alle folk
7 Er de, israelittar,
meir for meg ¬enn Nubias søner?
lyder ordet frå Herren.
Eg førte Israel opp frå Egypt,
men også filistarane frå Kaftor
og aramearane frå Kir.
Straff og reinsing
8 Sjå, Herren Gud ¬har augo vende
mot det syndige riket:
No vil eg rydja folket ¬ut or landet.
Men eg vil ikkje heilt
gjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.
9 For sjå, eg gjev påbod,
og så rister eg Israels ætt
mellom alle folkeslaga,
som når ein rister ¬korn i såld,
og ikkje ein stein fell ¬til jorda.
10 For sverdet skal dei døy,
alle syndarane i mitt folk,
dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje,
ho kjem aldri over oss.»
Atterreising og sæle tider
11 Den dagen ¬reiser eg opp att
Davids falne hytte.
Eg murar att rivnene
og reiser det som ligg ¬i røys;
eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.
12 Så kan dei ta resten ¬av Edom i eige
og alle dei andre folkeslaga
som er nemnde ¬med mitt namn,
lyder ordet frå Herren,
som fullfører dette.
13 Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,
då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt,
og trakkar druer ¬til kornet skal såast.
Druesafta skal drypa ¬frå fjell
og fløyma i alle bakkar.
14 Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk.
Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i;
vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen,
hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.
15 Eg plantar dei atter ¬i eiga jord;
aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land,
som eg har gjeve dei,
seier Herren din Gud.