Amos 4

Dei rike kvinnene i Samaria skal straffast

1 Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyr

som bur på Samaria-fjellet!

De trælkar småkårsfolk

og knuser dei fattige.

De seier til mennene dykkar:

«Kom med vin, ¬så vi får drikka!»

2 Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom:

Sjå, dagar kjem over dykk

då de skal slepast bort ¬med hakar

og dei siste av dykk ¬med fiskekrokar.

3 Ut gjennom murrivner ¬skal de fara,

den eine etter den andre.

De skal drivast bort ¬til Hermon,

lyder ordet frå Herren.

Så vil de ha det

4 Kom til Betel og synda,

til Gilgal og synda til gagns!

Ber fram slaktoffer ¬om morgonen

og tiender den tredje dagen!

5 Lat røyken av syrt brød

stiga opp som takkoffer,

lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent!

For så vil de ha det, ¬de Israels søner,

lyder ordet frå Herren Gud.

Bu deg til å møta din Gud!

6 Eg lét dykk gå med tom munn

i alle byane dykkar

og lét dykk vera utan brød

alle stader der de budde.

Men de vende ikkje om til meg,

lyder ordet frå Herren.

7 Eg heldt regnet att for dykk

då det endå var tre månader ¬til hausten.

Eg lét det regna over éin by,

men ikkje over ein annan.

Eitt jordstykke fekk regn,

eit anna fekk ikkje og turka ut.

8 Frå to, tre byar raga dei av stad

til same by, ville drikka vatn,

og fekk ikkje sløkkja torsten.

Men de vende ikkje om til meg,

lyder ordet frå Herren.

9 Eg slo dykk med kornbrann ¬og rust,

eg turka ut hagane ¬og vingardane dykkar,

og grashopper åt opp fikentre ¬og oliventre.

Men de vende ikkje om til meg,

lyder ordet frå Herren.

10 Eg sende pest mellom dykk ¬som i Egypt.

Eg drap dykkar unggutar ¬med sverd,

og hestane gav eg til hærfang.

Eg lét teven frå krigsleiren

stiga opp i nasen på dykk.

Men de vende ikkje om til meg,

lyder ordet frå Herren.

11 Eg sende øyding over dykk,

som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus;

de var som ein brand, ¬riven ut or elden.

Men de vende ikkje om til meg,

lyder ordet frå Herren.

12 Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel!

Og fordi eg vil gjera det,

så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud!

13 Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden,

som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar,

han som gjer morgonroden ¬til mørker

og fer fram ¬over høgdene på jorda

– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.