1 Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.
Domen over grannefolka
2 Han sa:
Herren skal torna frå Sion,
la røysta si ljoma frå Jerusalem.
Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane stura
og alt turka bort ¬på Karmels topp.
3 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei har treskt Gilead
med jernslegne sledar.
4 Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus,
han skal øyda ¬Benhadads borger.
5 Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus,
rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen,
og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden.
Og folket i Aram ¬skal førast til Kir,
seier Herren.
6 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei førte bort alle
dei hadde teke til fange,
og gav dei i Edoms vald.
7 Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa,
han skal øyda borgene i byen.
8 Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod,
og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon.
Eg vender mi hand mot Ekron,
og resten av filistarane ¬skal gå til grunne,
seier Herren Gud.
9 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For alle dei hadde teke ¬til fange,
gav dei i Edoms vald;
dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug.
10 Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus,
han skal øyda borgene i byen.
11 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Edom har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei forfylgde sine brør ¬med sverd
og viste ikkje medkjensle.
Dei heldt alltid fast ¬på sin vreide
og gav aldri opp sin harme.
12 Men eg sender eld mot Teman,
han skal øyda borgene i Bosra.
13 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gilead
då dei ville gjera ¬sine grenser vide.
14 Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba,
han skal øyda borgene i byen,
medan hærrop lyder ¬på stridens dag,
og stormen rasar ¬på uversdagen.
15 Då skal kongen deira ¬førast bort som fange
saman med hovdingane sine, ¬seier Herren.