1 Samaria skal bøta,
fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud.
Dei skal falla for sverd,
deira småborn skal knusast,
og kvinnene som ventar barn,
skal skjerast opp.
Eg vil lækja deira fråfall
2 Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud,
for synda di har ført deg til fall.
3 Kom med dei rette ord,
vend om til Herren og sei:
«Tilgjev all vår skuld,
og ta imot vår gode gåve,
så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!
4 Assur kan ikkje hjelpa oss.
Vi vil ikkje ri på hestar
og ikkje lenger seia: Vår gud!
til det våre hender har gjort.
Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»
5 Eg vil lækja deira fråfall,
og eg vil elska dei av hjarta,
for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.
6 Eg vil vera som dogg for Israel;
han skal bløma som ei lilje
og røta seg som trea ¬på Libanon.
7 Hans renningar ¬skal breia seg utover,
han skal vera fager ¬som oliventreet
og anga som skogen ¬på Libanon.
8 Atter skal dei bu ¬i min skugge,
endå ein gong ¬skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå ¬Libanon.
9 Kva skal Efraim ¬med avgudar meir?
Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han.
Eg er som ein grøn sypress,
frå meg skal frukta di koma.
10 Kven er så klok ¬at han skjønar dette,
så vitug ¬at han merkar seg det?
Ja, Herrens vegar er rette,
dei rettferdige ferdast ¬på dei,
men illgjerdsmennene ¬snåvar.