Israel gløymde skaparen sin
1 Set hornet for munnen!
Fienden kjem
som ei ørn over Herrens hus,
for dei har brote mi pakt
og synda mot mi lov.
2 Dei ropar til meg: «Min Gud!
Vi kjenner deg, vi israelittar.»
3 Men Israel har vraka ¬det som godt er,
fienden skal forfylgja dei.
4 Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg,
valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det.
Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt.
Difor skal dei rydjast ut.
5 Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!
Vreiden min logar mot dei.
Kor lenge skal det vara
før dei kan verta reine i Israel?
6 Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,
og han er ingen gud;
han skal verta slegen i knas.
7 Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta.
Kornet skyt ikkje aks
og gjev ikkje mjøl;
og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.
8 No er Israel slukt.
Mellom folka ¬er dei lik eit kjerald
som ingen bryr seg om.
9 Dei fór bort til Assyria
lik eit villesel ¬som flakkar ikring.
Efraim kjøper seg kjærleik.
10 Endå dei kjøpslår med folka,
vil eg no driva dei saman.
Dei skal vri seg ei lita stund
under børa av skatt ¬til storkongen.
11 Efraim har laga seg mange altar
som har fått dei til å synda.
12 Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei,
men dei reknar dei ikkje ¬for sine.
13 Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer,
og dei et av kjøtet,
men Herren har ikkje hugnad ¬i dei.
No vil han koma ¬deira misgjerning i hug
og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder.
Dei skal attende til Egypt.
14 Israel gløymde skaparen sin
og bygde seg slott;
Juda bygde ¬mange festningsbyar.
Men eg vil senda eld ¬mot deira byar,
han skal øyda deira borger.