Folk og førarar har svikta
1 Høyr dette, de prestar,
lyd etter, du Israels ætt!
Kongehus, vend øyra til!
For de har ansvar for retten,
men de har vorte ¬ei snare for Mispa,
eit utspent nett på Tabor
2 og ei djup fallgrav i Sjittim.
Men eg vil tukta dei alle.
3 Eg kjenner Efraim,
og Israel er ikkje løynd for meg.
For no har du drive utukt, ¬Efraim,
Israel har gjort seg urein.
4 Deira gjerningar hindrar dei
i å venda om til sin Gud.
For dei har ei utuktsånd ¬i hjarta
og kjenner ikkje Herren.
5 Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv,
Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd,
og Juda skal snåva med dei.
6 Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe,
og søkjer Herren,
finn dei han ikkje;
han har vendt seg bort frå dei.
7 Dei har vore trulause ¬mot Herren,
for dei har fått uekte born.
No skal nymånen gjera ende
både på dei og jorda deira.
Herren er som ei løve mot Efraim
8 Lat hornet gjalla i Gibea,
blås i trompet i Rama,
lyft hærrop, Bet-Aven!
Dei er etter deg, Benjamin!
9 Efraim skal verta ei øydemark
den dagen straffa kjem.
Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjort
det som visseleg skal henda.
10 Juda-hovdingane har vorte
lik folk som flytter ¬merkesteinar.
Over dei vil eg ausa ut
min harme liksom vatn.
11 Efraim er trælka,
retten er trakka under fot;
for folket gav seg til å fylgja
det som ingenting er.
12 Eg er som verkjesår for Efraim,
som ròtenskap for Juda-ætta.
13 Då Efraim såg sjukdomen sin,
og Juda merka såret sitt,
gjekk Efraim til Assur
og sende bod til storkongen.
Men han kan ikkje ¬gjera dykk friske
og ikkje lækja dykkar sår.
14 Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim,
som ei ungløve mot Juda-ætta.
Ja, eg riv sund og går min veg,
eg slepar bort, og ingen bergar.
15 Eg går min veg
attende til min stad
til dess dei vedkjennest ¬si skuld
og søkjer mitt åsyn.
I si naud skal dei leita ¬etter meg.