Klagesong over dei siste kongane i Juda
1 Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel
2 og seia:
Kva var mor di?
Ei løvinne mellom løver;
mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar.
3 Ein av ungane alte ho opp,
og han vart ei retteleg ungløve.
Han lærte å gå på rov,
han åt opp menneske.
4 Folkeslag fekk høyra om han,
og han vart fanga ¬i deira fallgrav.
Dei sette naseringar på han
og førte han til Egypt.
5 Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs,
at all hennar von var ute,
då tok ho ein annan ¬av ungane sine
og gjorde han til ei ungløve.
6 Han gjekk der ¬mellom løvinnene,
og det vart ei ungløve av han.
Han lærte å gå på rov,
han åt opp menneske.
7 Han skadde borgene
og la byane i øyde.
Landet og alt som fanst der,
stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.
8 Folk frå landa rundt ikring
sette då ut sine garn.
Dei strekte dei ut over han
og fanga han i si fallgrav.
9 Dei sette han i bur,
hadde naseringar på han
og førte han ¬til kongen i Babylon.
Der sette dei han ¬i ei sterk festning,
så ingen skulle høyra ¬brøla hans meir
over Israels-fjella.
10 Mor di var eit vintre i hagen,
planta attmed vatn.
Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner,
fordi det hadde ¬rikeleg med væte.
11 Greinene vart så sterke
at dei kunne brukast ¬til styrarstavar.
Høgt voks det opp mot skyene,
lett synleg fordi det var så høgt
og hadde så mange greiner.
12 Men treet vart rive opp ¬– i harme –
og kasta til jorda.
Austavinden turka ut frukta;
jamvel dei sterke greinene
vart rivne av og visna,
og elden gjorde ende på dei.
13 No er det planta i øydemarka,
i det turre, tyrstande landet.
14 Eld gjekk ut frå ei grein ¬på treet
og øydde kvistene og frukta.
Det har ikkje meir ¬noka sterk grein
som kan vera styrarstav.
Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte.