Jeremia 49

Ammonittane skal drivast bort

1 Om ammonittane.

Så seier Herren:

Har ikkje Israel søner,

har han ingen arving?

Kvifor har då Milkom ¬teke Gad i eige

og folket hans sett seg ned ¬i byane der?

2 Sjå, difor skal dagar koma,

lyder ordet frå Herren,

då eg lèt hærrop ljoma

for ammonittane i Rabba.

Byen skal verta til aude røysar,

og dotterbyane skal brennast.

Israel skal ta arvelandet att

frå dei som tok det frå han, ¬seier Herren.

3 Jamra deg, Hesjbon,

for Ai er øydelagt.

Skrik, de Rabba-døtrer,

ta syrgjeplagg på, ¬set i med klage

og renn att og fram ¬mellom kveene.

For Milkom må fara ¬i fangenskap

og hans prestar og hovdingar ¬med han.

4 Kvifor rosar du deg av dalane,

av din grøderike dal,

du fråfalne dotter,

som set di lit til dine skattar

og seier: ¬«Kven kan vel nå meg?»

5 Sjå, frå alle kantar

sender eg redsle over deg,

seier Herren Gud, ¬Allhærs Gud.

De skal drivast bort, ¬kvar i si lei,

og ingen skal samla ¬dei som rømer.

6 Men sidan vender eg lagnaden ¬for ammonittane,

lyder ordet frå Herren.

Ulukka skal koma over Edom

7 Om Edom.

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Finst det ikkje visdom ¬i Teman meir,

har ikkje dei kloke råd å gje?

Er visdomen deira øydelagd?

8 Røm, snu om!

Gøym dykk djupt nede,

de som bur i Dedan.

For eg lèt ulukka ¬koma over Esau

på den tid eg krev han ¬til rekneskap.

9 Kjem drueplukkarar til deg,

leiver dei ingenting ¬til ettersanking.

Og kjem det tjuvar om natta,

øydelegg dei så mykje dei vil.

10 For eg legg Esau open og berr

og viser kvar han har ¬sine gøymestader,

så han ikkje kan halda seg ¬løynd.

Borna og brørne ¬og grannane hans vert herja;

det er ute med dei.

11 Berre gå frå dine farlause born,

eg skal halda dei i live,

og enkjene dine ¬kan lita på meg.

12 Ja, så seier Herren:

Jamvel dei ¬som ikkje har fortent det,

må sanneleg drikka or staupet.

Og så skulle du sleppa straff!

Nei, du skal ikkje sleppa,

du må tøma staupet.

13 For eg har svore ved meg sjølv,

lyder ordet frå Herren:

Bosra skal verta ¬til skræmsle og spott,

til audn og forbanning,

og alle byane der

skal liggja i røys for alltid.

14 Ei tidend har eg høyrt ¬frå Herren,

ein bodberar er send ut ¬mellom folka:

«Samla dykk og gå mot byen,

reis dykk til strid!»

15 Sjå, eg gjer deg liten ¬mellom folka,

vanvørd mellom menneska.

16 Den redsle du vekte hjå andre,

og ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,

du som bur i bergrivner

og held til oppå høgdene.

Men om du byggjer reiret ditt ¬høgt som ørna,

så skal eg få deg ned derifrå,

lyder ordet frå Herren.

17 Edom skal verta ei skræmsle.

Alle som fer framom,

kjem til å fæla og spotta

når dei ser alle dei sår ¬han har fått.

18 Det skal gå ¬som då Sodoma og Gomorra

og grannebyane vart ¬øydelagde, seier Herren.

Ikkje eit menneske skal bu der,

ingen skal halda til i landet.

19 Lik ei løve som stig opp

or den fine Jordan-skogen

til sletta som alltid er grøn,

så skal eg på ein augneblink

driva dei bort frå landet

og setja min utvalde over det.

For kven er som eg?

Kven vil stemna meg?

Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg?

20 Høyr då kva planar

Herren har lagt ¬mot folket i Edom,

kva han har tenkt å gjera

med dei som bur i Teman.

Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort,

og beitemarkene deira ¬skal verta aude.

21 Når det spørst at dei fell, ¬bivrar jorda;

heilt til Sevsjøen ¬høyrest deira skrik.

22 Sjå, fienden stig ¬og flyg som ei ørn,

han spilar vengene ut ¬over Bosra.

Den dagen skal Edoms ¬krigarar

vera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

Redsle og angst i Damaskus

23 Om Damaskus.

Hamat og Arpad er vanæra,

for dei har fått eit ulukkebod.

Dei skjelv i uro som havet,

som aldri kan falla til ro.

24 Damaskus er motlaus ¬og rømer.

Redsle har kome over folket,

det er gripe av angst og smerte

som ei fødande kvinne.

25 Kor aud han er, ¬den namngjetne byen,

staden der gleda rådde!

26 På torga fell ¬dei unge mennene,

og alle stridsmenn ¬vert drepne den dagen,

lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

27 Eg kveikjer eld mot muren ¬kring Damaskus,

han skal øyda ¬Benhadads borger.

Kedar og Hasor skal leggjast i øyde

28 Om Kedar og Hasor-rika som Nebukadnesar, babylonarkongen, vann over.

Så seier Herren:

Opp, rykk fram mot Kedar,

gjer ende på mennene frå aust!

29 Dei skal ta deira telt ¬og småfe,

teltdukane og all deira reiskap,

dei skal ta kamelane deira ¬med seg

og ropa til dei: ¬«Redsle på alle kantar!»

30 Røm og kom unna ¬så snøgt de kan,

gøym dykk djupt nede,

de Hasor-buar, seier Herren.

For Nebukadnesar, ¬Babel-kongen,

har lagt ein plan

og tenkt ut noko vondt ¬mot dykk.

31 Opp, rykk fram ¬mot eit sutlaust folk,

mot dei som bur trygt, ¬seier Herren.

Det har korkje portar ¬eller bommar

og bur for seg sjølv.

32 Kamelane deira ¬skal verta til rov,

deira store buskap til hærfang.

Dei som har kortklypt hår ¬ved tinningen,

vil eg spreia for alle vindar;

frå alle kantar ¬lèt eg ulukka koma over dei,

lyder ordet frå Herren.

33 Då vert Hasor tilhaldsstad ¬for sjakalar,

ei audn for alle tider.

Ikkje eit menneske skal bu der,

ingen skal halda til i byen.

Elam skal spreiast for alle vindar

34 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:

35 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, eg vil bryta bogen ¬for elamittane,

det sterkaste våpenet deira.

36 Mot Elam sender eg fire vindar

frå dei fire himmelhjørna

og spreier dei ¬for alle desse vindane.

Det skal ikkje vera eit land

der det ikkje finst folk

som er bortdrivne frå Elam.

37 Eg gjer elamittane redde

for fiendane deira,

for alle som står dei etter livet.

Eg lèt ulukke koma over dei,

min brennande vreide, ¬seier Herren.

Eg sender sverdet etter dei

til eg får gjort ende på dei.

38 Så set eg kongsstolen min ¬i Elam

og rydjar ut konge ¬og hovdingar der,

lyder ordet frå Herren.

39 Men til sist, i dagar som kjem,

vender eg lagnaden for Elam,

lyder ordet frå Herren.