Jeremia 4

Bryt dykk nytt land!

1 Israel, dersom du ¬vender om,

så vend om til meg,

lyder ordet frå Herren.

Tek du bort ¬dei avskyelege gudane dine,

så eg aldri ser dei meir,

skal du sleppa å flakka ¬heimlaus ikring.

2 Og sver du ærleg, ¬rett og rettvist:

«Så sant Herren lever»,

skal folka verta velsigna i han

og prisa seg sæle i han.

3 Så seier Herren ¬til mennene i Juda

og til dei som bur i Jerusalem:

Bryt dykk nytt land,

og så ikkje meir ¬mellom klunger!

4 Omskjer dykk for Herren,

ta bort dykkar hjartans ¬førehud,

de Juda-menn ¬og Jerusalems-buar!

Elles skal harmen min ¬loga som eld

og brenna ¬utan at nokon sløkkjer,

for alt det vonde de har gjort.

Ulukka frå nord

5 Kunngjer dette i Juda,

rop det ut i Jerusalem:

Lat hornet ljoma i landet,

og rop av full hals:

Samla dykk og lat oss gå

inn i festningsbyane!

6 Lyft hærmerket ¬og før det til Sion!

Berga dykk og stogga ikkje!

For eg sender ei ulukke ¬frå nord,

ei veldig øydelegging.

7 Ei løve stig opp or kjerret.

Ein som herjar mellom folka,

tek ut og fer frå sin stad;

han vil gjera landet ditt ¬til ei audn.

Byane dine skal leggjast i grus,

så ingen kan bu der.

8 Bind difor syrgjeplagg ¬om livet,

set i med klagerop og hyl!

For Herrens brennande vreide

har ikkje vendt seg frå oss.

9 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,

skal kongen og hovdingane ¬missa motet.

Prestane skal stivna av redsle

og profetane stå der lamslegne.

10 Eg sa: Å, Herre Gud,

du har sanneleg svike

dette folket og Jerusalem

då du sa: «De skal ha fred»,

og så sit sverdet ¬i strupen på oss.

11 På den tid skal det seiast

til dette folket og til Jerusalem:

Ein vind som dirrar av hete,

er på veg mot folket mitt

frå dei snaue høgdene ¬i øydemarka,

ikkje som når ein kastar ¬og reinsar korn,

12 nei, ein sterkare storm ¬kjem hit på mitt bod.

No vil eg òg fella dom over dei.

13 Som uversskyer ¬stig fienden opp;

hans vogner er som ein storm,

hans hestar snøggare ¬enn ørnar.

Ve oss, det er ute med oss!

14 Jerusalem, reinsa hjarta ditt ¬for vondskap,

så skal du verta berga.

Kor lenge vil du hysa

vonde tankar i hugen din?

15 Høyr, det kjem eit bod frå Dan,

ei ulukkemelding ¬frå Efraims-fjella.

16 Sei frå til folk: Der er dei!

Rop det ut over Jerusalem!

Fiendar kjem frå land ¬langt borte,

dei set i med hærrop ¬mot byane i Juda.

17 Som vaktmenn på ein åker ¬kringset dei landet,

fordi det var trassig mot meg,

lyder ordet frå Herren.

18 Di åtferd og dine gjerningar

har valda deg dette.

Det er den beiske frukt ¬av din vondskap;

no gjeld det ditt liv.

Eg såg –

19 Å, bringa mi, bringa mi!

Eg vrid meg i verk.

Å, veggene i hjarta mitt!

Hjarta mitt ankar seg, ¬eg kan ikkje teia.

Eg høyrer lyden ¬av horn og hærrop.

20 Samanbrot på samanbrot ¬melder dei,

ja, heile landet er herja.

Brått vert telta mine ¬øydelagde,

teltdukane rivnar ¬i ein augneblink.

21 Kor lenge må eg sjå hærmerke

og høyra hornljom?

22 Ja, fåvist er mitt folk,

dei kjenner ikkje meg.

Uvituge søner er dei

og skjønar ingen ting.

Glupe er dei til å gjera vondt,

men dei har ikkje vit ¬til å gjera det gode.

23 Eg såg på jorda ¬– ho var aud og tom,

og på himmelen ¬– ljoset var borte.

24 Eg såg på fjella ¬– dei skalv,

og alle haugane bivra.

25 Eg såg – det fanst ikkje ¬eit menneske,

og alle fuglane ¬under himmelen ¬var flogne.

26 Eg såg – det grøderike landet ¬var ei øydemark,

og alle byane var nedrivne.

Det hadde Herren gjort

i sin brennande vreide.

Herrens rådgjerd

27 Så seier Herren:

Heile landet skal verta ei audn,

men eg gjer ikkje ende på det.

28 Difor syrgjer jorda,

og himmelen der oppe ¬svartnar.

For eg har tala og lagt min plan,

eg gjer han ikkje om ¬og tek han ikkje att.

29 For gnyen av hestfolk ¬og bogeskyttarar

rømer kvar by.

Dei gøymer seg i tettskogen

og stig opp på hamrane.

Alle byane er folketome,

ingen bur i dei.

Sion pryder seg til fånyttes

30 Du som er herja, ¬kva vil du gjera?

Om du kler deg i skarlak

og pryder deg med gullstas,

om du gjer augo store ¬med sminke,

gjer du deg fager til fånyttes.

Dine elskarar vanvørder deg,

dei står deg etter livet.

31 Eg høyrer støn ¬som av ei kvinne i rier,

skrik som når ho føder ¬for fyrste gong.

Det er Sions dotter som ropar;

ho syp etter anden,

retter ut hendene og seier:

«Ve meg, maktlaus sig eg om

i hendene på mordarar!»