Jesaja 61

Eit nådeår frå Herren

1 Herrens Ande ¬er over meg;

for Herren Gud har salva meg.

Han har sendt meg ¬til å forkynna

ein gledebodskap ¬for armingar,

til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta,

til å ropa ut fridom for fangar

og frigjering for dei bundne.

2 Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren,

ein dag med straff frå vår Gud.

Eg skal trøysta alle som syrgjer,

3 og gje dei syrgjande i Sion

hovudprydnad i staden ¬for oske,

gledeolje ¬i staden for syrgjeklede

og lovsong ¬i staden for motløyse.

Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre,

som Herren har planta

for å syna sin herlegdom.

4 Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar,

reisa det ¬som før vart lagt i øyde,

byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar,

som låg der aude frå ætt til ætt.

5 Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer,

utlendingar skal dyrka ¬dykkar jord

og stella dykkar vingardar.

6 Men de skal kallast ¬Herrens prestar,

tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk.

Rikdomen åt folka ¬skal de nyta,

og deira skattar skal de få.

7 De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam.

Dei som leid vanære,

skal jubla over sin lut.

Dobbel arv skal dei få i landet,

evig glede skal dei ha.

8 «For eg er Herren, ¬som elskar rett

og hatar ran og urett.

Trufast vil eg gje dei løn

og gjera ei evig pakt med dei.

9 Namngjeten vert deira ætt ¬mellom folkeslaga,

deira etterkomarar ¬mellom folka.

Alle som ser dei, skal skjøna

at dei er ei ætt ¬som Herren har velsigna.»

10 Eg vil gleda meg storleg ¬i Herren,

mi sjel skal jubla i min Gud.

For han har kledt meg ¬i frelsesskrud

og sveipt meg ¬i rettferds kappe,

lik ein brudgom ¬som pryder sitt hovud,

lik ei brur ¬som tek på seg sine søljer.

11 For liksom jorda ¬lèt groen renna,

og hagen lèt sædet brydda,

så skal Herren vår Gud

la rettferd gro fram

og lovsong lyda ¬for alle folkeslag.