Jesaja 56

Mitt hus skal kallast eit bønehus

1 Så seier Herren:

Hald lov og rett,

og gjer det som rett er!

For mi frelse er nær, ho kjem,

og mi rettferd skal syna seg.

2 Sæl er den som gjer det eg vil,

kvart menneske ¬som held fast ved det,

så han held sabbaten

og ikkje vanhelgar han,

og vaktar si hand,

så han ikkje gjer vondt.

3 Den framande ¬som har slutta seg til Herren,

må ikkje seia:

«Herren vil skilja meg ut ¬frå sitt folk.»

Og den som er gjeld, ¬må ikkje seia:

«Eg er berre eit turt tre.»

4 For så seier Herren:

Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar,

som vel å gjera det eg vil,

og held fast ved mi pakt,

5 dei gjev eg ¬minnesmerke og namn

i mitt hus ¬og innan mine murar.

Eg gjev dei det som betre er

enn søner og døtrer: ¬eit evig namn,

som aldri skal rydjast ut.

6 Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren,

som vil tena Herren ¬og elska hans namn

og vera hans tenarar,

alle som held sabbaten

og ikkje vanhelgar han,

men held fast ved mi pakt,

7 dei fører eg til mitt heilage fjell

og lèt dei gleda seg ¬i mitt bønehus.

Deira brennoffer og slaktoffer

skal vera til hugnad ¬på mitt altar.

For mitt hus skal kallast

eit bønehus for alle folk.

8 Ja, så lyder ordet ¬frå Herren vår Gud,

som samlar dei bortdrivne ¬av Israel:

Endå fleire vil eg samla

enn dei som alt er komne.

Israels leiarar er blinde

9 Kom, alle dyr i marka,

kom og et, alle dyr i skogen!

10 Israels vaktmenn er alle blinde,

dei merkar ingen ting.

Alle er dei mållause hundar,

som ikkje kan gøy.

Dei ligg og drøymer

og likar å sova.

11 Men grådige hundar er dei,

aldri vert dei mette.

Og slike folk ¬skal vera hyrdingar,

dei som ikkje veit å passa på!

Dei vender seg alle ¬sin eigen veg,

kvar til si eiga vinning.

12 «Kom, eg skal henta vin,

så vi kan drikka oss fulle!

Og morgondagen ¬skal verta som denne,

ein stor og herleg dag.»