Jesaja 55

Kom til meg!

1 Å, alle de tyrste, ¬kom og få vatn!

Og de som ikkje har pengar, ¬kom!

Kjøp korn og et!

Ja, kom og kjøp utan pengar

og utan betaling vin og mjølk!

2 Kvi gjev de ut pengar

for det som ikkje er brød,

og dykkar arbeidsløn

for det som ikkje kan metta?

Å, høyr på meg!

Så skal de få eta ¬det som godt er,

og gleda dykk over feite retter!

3 Vend øyra hit og kom til meg,

høyr, så skal de få leva!

Så gjer eg med dykk ei ¬evig pakt

og syner dykk trufast ¬mi miskunn,

så som eg gjorde mot David.

4 Han sette eg til eit vitne ¬for folk,

til hovding og fyrste ¬for folkeslag.

5 Ja, du skal kalla på folk ¬du ikkje kjenner,

og folk som ikkje kjenner deg,

skal skunda seg til deg;

for Israels Heilage, ¬Herren din Gud,

har gjeve deg ære og ¬herlegdom.

Søk Herren medan han er å finna!

6 Søk Herren ¬medan han er å finna,

kall på han ¬den stund han er nær!

7 Den gudlause må venda seg ¬frå sin veg

og ugjerningsmannen ¬frå sine tankar

og snu om til Herren,

så skal han visa miskunn,

til vår Gud,

for han er rik på tilgjeving.

8 For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar,

og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren.

9 Nei, så høg som himmelen ¬er over jorda,

så er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegar

og mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar.

10 Liksom regnet og snøen

fell ifrå himmelen

og ikkje fer opp att dit,

før dei har vatna jorda

og gjeve henne grorkraft ¬og grøde,

ja, gjeve såkorn ¬til den som skal så,

og brød til den som skal eta,

11 så er det òg med mitt ord,

det som går ut or min munn.

Det vender ikkje tomt tilbake ¬til meg,

men gjer det eg vil,

og fullfører det eg sender ¬det til.

12 Ja, med glede skal de dra ut

og førast lukkeleg fram.

Fjell og haugar

skal møta dykk med jubelrop,

og alle tre på marka

skal klappa i hendene.

13 I staden for klunger

skal det veksa sypressar,

og myrt i staden for nesler.

Det skal vera til ære for Herren,

eit evig teikn

som aldri skal strykast ut.