1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred,
og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører ¬til slakting,
og sauen som teier ¬når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort.
Men kven i hans samtid ¬vørde vel det?
Bortriven vart han ¬or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav ¬mellom gudlause,
hjå ein rikmann, ¬då han var død,
endå han ikkje ¬hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik ¬i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv ¬til soning,
skal han få etterkomarar ¬og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ¬ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han ¬dei mange til del,
og dei sterke skal han få ¬til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna ¬mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda ¬åt dei mange
og bad for brotsmenn.