Jerusalems trengsle og utfriing
1 Usæl Ariel, Ariel,
byen der David slo leir!
Legg berre år til år,
lat høgtider koma og gå!
2 Eg vil føra trengsle over Ariel
– då vert det sorg og sut,
og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.
3 Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg,
kasta opp vollar ikring deg
og reisa skansar mot deg.
4 Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda,
mulla fram dine ord frå støvet.
Di røyst skal stiga ¬som daudingmål,
dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.
5 Men så vert flokken ¬av dine fiendar
som fint støv
og hopen av valdsmenn ¬som fykande agner.
Brått, i ein augneblink,
6 kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud,
med bulder og brak ¬og veldig døn,
med vindkast, ¬storm og øydande eld.
7 Som ein draum, ¬som eit syn om natta,
vert dei borte, ¬dei mange folkeslag
som strider mot Ariel,
som går til åtak ¬på byen og borga
og fører trengsle over han.
8 Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymer
og tykkjer at han får mat:
Når han vaknar, ¬er han like svolten.
Det går som når ¬den tyrste drøymer
og tykkjer at han drikk;
han vaknar maktlaus og tyrst.
Så går det ¬med dei mange folkeslag
som strider mot Sion-fjellet.
Eit synkvervt folk
9 Stir på kvarandre, ¬fulle av undring,
lat augo klinast att, ¬og ver blinde!
Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin,
og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!
10 For Herren har rent ut ¬over dykk
ei ånd som valdar tung svevn.
Han har late att augo dykkar ¬– profetane,
og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.
11 Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»
12 Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»
Menneskebod og Herrens visdom
13 Herren sa: Fordi dette folket
held seg nær til meg ¬med munnen
og ærar meg med lippene,
medan hjarta er langt borte ¬frå meg,
og fordi deira age for meg
er menneskebod ¬som dei har lært seg,
14 difor vil eg framleis ¬fara underleg fram,
underleg og underfullt ¬mot dette folket.
Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgå
og klokskapen Œt dei kloke kverva.
Krusmakaren og leira
15 Ve dei som nede i det djupe
løyner for Herren ¬det dei har føre!
Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkret
og seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»
16 Kor bakvendt de tenkjer!
Skal ikkje krusmakaren
aktast høgare enn leira?
Kan verket seia ¬om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg,»
og kjeraldet om krusmakaren:
«Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?
Den store snunaden
17 No er det berre ei lita stund,
så skal Libanon ¬verta ein frukthage,
og det som no er frukthage,
skal reknast for skog.
18 Den dagen skal dei døve høyra
ord som står skrivne i bok,
og ut or mørker og dimme
skal blinde augo sjå.
19 Dei hjelpelause skal atter
gleda seg i Herren,
og dei fattige skal jubla
over Israels Heilage.
20 For borte er valdsmannen,
ute er det med spottaren,
og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,
21 dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige,
la snarer for den ¬som hevda retten på tinget,
og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.
22 Difor, så seier Herren,
han som er Gud for Jakobs ætt,
han som fria ut Abraham:
No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar,
hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.
23 For når han ¬og borna hans får sjå
det mine hender ¬har gjort imellom dei,
då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt,
dei skal helga Jakobs Heilage
og ottast Israels Gud.
24 Dei som fer vilt i sine tankar,
skal læra skjøn,
og dei som murrar,
skal få visdom.