Jesaja 28

Leiarar som fører landet i ulukke

1 Ve den stolte kransen

åt Efraims drukne menn!

Ve dei visnande blomane,

Efraims herlege prydnad,

på høgda ¬over den grøderike dalen,

der dei ligg drukne av vin.

2 Sjå, Herren sender ¬ei mektig kjempe.

Som ein hagl-eling, ¬ein øydande storm,

som ei kraftig regnskur ¬med flaumar av vatn

slår han dei til jorda med makt.

3 Under fot skal han trakkast,

den stolte kransen

åt Efraims drukne menn.

4 Med dei visnande blomane,

Efraims herlege prydnad,

på høgda ¬over den grøderike dalen,

skal det gå ¬som med ein sommarfiken

som er mogen før hausten:

Når nokon ser han, ¬sluker dei han

så snart dei får han i handa.

5 Den dagen skal Herren, ¬Allhærs Gud,

verta ein fager krans ¬og ei strålande krone

for leivningen av folket sitt.

6 Han skal gje den ¬som sit på domarsetet,

evne til å døma rett,

og styrkja dei som driv

fienden attende frå porten.

Domsord mot prest og profet

7 Men det er andre òg ¬som sjanglar,

som ragar av vin ¬og sterk drikk:

Prestar og profetar er drukne,

heilt fortumla av vin.

Dei ragar ¬av den sterke drikken,

dei sjanglar når dei har syner,

og er ustøe når dei dømer.

8 Ja, alle bord er fulle av spy,

ikkje ein flekk er rein.

9 «Kven vil profeten ¬gje kunnskap?

Kven vil han få ¬til å skjøna sin bodskap?

Born som nett er avvande,

som nyss er tekne frå brystet?

10 Bod på bod,

krav på krav,

litt her og litt der!»

11 Ja, gjennom folk ¬med stammande lipper

og med framandt tungemål

skal han tala til dette folket,

12 han som sa til dei:

«Her er staden

der dei kan slå seg ned.

Lat den trøytte få ro,

her kan han kvila.»

Men dei ville ikkje høyra.

13 Så skal då Herrens ord

for dei verta «bod på bod,

krav på krav,

litt her og litt der!»

Når dei går, skal dei snåva,

detta bakover og skamslå seg,

gå i snara og verta fanga.

Hjørnesteinen på Sion

14 Så høyr då Herrens ord, ¬de spottarar

som rår over folket i Jerusalem!

15 De seier: «Vi har gjort ei pakt ¬med døden,

ein avtale med dødsriket.

Når flaumen kjem veltande,

skal han ikkje nå oss.

For vi har gjort lygn til livd

og løynt oss bak svik.»

16 Difor, så seier Herren vår Gud:

Sjå, eg legg ein grunnstein ¬på Sion,

ein velprøvd stein,

ein dyrverdig, ¬grunnfast hjørnestein.

Den som trur, tek det med ro.

Underleg er Herrens gjerning

17 Eg vil gjera rett til mælesnor,

rettferd til loddsnor.

Hagl skal sopa bort lygnlivda,

vatn skal skylja vekk ¬deira gøymsle.

18 Den pakt de har med døden,

skal setjast ut av kraft,

avtalen med dødsriket

skal ikkje stå ved lag.

Når flaumen kjem veltande,

skal han slå dykk ned.

19 Så tidt han kjem farande,

skal han riva dykk med seg.

For morgon etter morgon ¬skal han koma,

ja, både dag og natt.

De skal skjelva av redsle

når de skjønar bodskapen.

20 For senga er for kort

til å strekkja seg i

og teppet for lite

til å sveipa seg i.

21 Ja, Herren skal reisa seg

som på Perasim-fjellet

og harmast som ¬i Gibeon-dalen.

Han skal gjera si gjerning,

ei underleg gjerning.

Han skal gjera sitt verk,

eit sjeldsynt verk.

22 Hald no opp ¬med den frekke spott,

så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast!

For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrt

at øyding er fastsett ¬for heile landet.

Gud er stor i visdom

23 Vend øyra til og høyr mi røyst,

lyd etter og høyr kva eg seier!

24 Når bonden pløyer og skal så,

held han då støtt på

med å pløya og snu ¬og horva si jord?

25 Nei, når han har jamna åkeren,

spreier han dill ¬og strøyer ut karve,

sår kveite, durra, bygg ¬og hirse,

og spelt langsmed åkerreina.

26 Hans Gud har synt han ¬den rette måten

og lært han ¬korleis det skal gjerast.

27 Ingen treskjer dill med slede

eller rullar vognhjul over ¬karve.

Nei, dill vert banka ut med ¬stav

og karve med ein kjepp.

28 Vert vel brødkornet knust?

Nei, ein treskjer det ¬ikkje for lenge.

Ein køyrer hestar ¬og vogner over,

men lèt ikkje hjula ¬knusa kornet.

29 Dette òg kjem frå Herren, ¬Allhærs Gud.

Underfulle er hans råd,

stor er hans visdom.