1 Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd,
det harde og store og sterke,
straffa Leviatan,
ormen som rømer så raskt,
Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram.
Han skal drepa draken ¬som er i havet.
Herren vaktar vingarden sin
2 Den dagen skal dei seia:
Syng om den herlege ¬vingarden!
3 Det er eg, Herren, ¬som vaktar han
og vatnar han til kvar tid.
Eg vaktar han dag og natt,
så ingen skal skada han.
4 Eg er ikkje lenger harm.
Men finn eg torn og tistel,
då går eg til strid imot dei
og brenner opp alt i hop,
5 – om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg,
og gjer fred,
ja, gjer fred med meg.
Israels frelse og fiendens straff
6 I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg,
Israel skal veksa og bløma
og fylla heile verda med frukt.
7 Har vel Herren slege Israel
som han slo dei ¬som slo hans folk?
Eller har Israel vorte drepe
som drapsmennene åt folket ¬vart drepne?
8 Du tukta folket
då du skræmde det opp ¬og jaga det bort.
Herren støytte det frå seg
med sin sterke pust
den dagen det storma frå aust.
9 Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast,
og dette er frukta
når hans synd vert bortteken:
Alle altarsteinane ¬skal han knusa,
som når kalkstein vert knust.
Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara
skal ikkje verta ståande.
10 Einsam ligg festningsbyen,
ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka.
Der går kalvar og beiter,
dei roar seg der og et ¬kvar kvist.
11 Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av,
kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei.
For dette er eit uvitug folk.
Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle,
han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig.
Israels samling
12 Den dagen skal Herren ¬slå fruktene ned
frå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken,
og de, Israels søner,
skal samlast inn, ein for ein.
13 Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn.
Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim att
og dei som er spreidde i Egypt.
Og dei skal tilbe Herren
på det heilage fjellet ¬i Jerusalem.