Fallen er Babylon
1 Domsord mot det aude landet ved havet.
Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev,
så kjem det frå øydemarka,
frå landet der redsle rår.
2 Eit fælsleg syn har eg fått sjå:
Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar.
«Rykk fram, du Elam!
Gå til strid, du Media!
Kvar sukk gjer eg ende på.»
3 Difor skjelv mine hofter,
eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne.
Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra,
så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå.
4 Min hug er fortumla,
eg skjelv av redsle.
Skumringa ¬som eg stunda etter,
er no min skrekk.
5 Dei dukar bord ¬og breier ut teppe,
dei et og drikk.
«Reis dykk, hovdingar,
smør olje på skjold!»
6 For så har Herren sagt til meg:
«Gå og set ut ein vaktpost!
Det han ser, skal han melda!
7 Ser han eit tog ¬med vogner og hestar,
eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar,
då skal han lyda etter,
lyda vel etter.»
8 Og vaktmannen ropa:
«Herre, dagen lang ¬står eg på vakt,
eg er på min post ¬kvar einaste natt.
9 Sjå, der kjem eit tog av vogner
med folk og hestespann.»
Så tek han til ords og seier:
«Fallen, fallen er Babylon!
Alle gudebileta i byen
er knuste og slengde til jorda.»
10 Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk!
Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud,
frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.
Dom over Edom og arabarane
11 Domsord mot Edom.
Det ropar til meg frå Se’ir:
«Vaktmann, kor langt på natt,
kor langt på natt?»
12 Vaktmannen svarar:
«Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt.
Vil de spørja, så spør!
Kom att ein annan gong!»
13 Domsord mot arabarane.
Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa,
de som kjem i karavane ¬frå Dedan.
14 Møt dei tyrste og gjev dei vatn,
de som bur i Tema!
Kom med brød til dei ¬som er på flukt!
15 Dei har då rømt for sverd,
for dregne sverd ¬og spente bogar
og frå den harde striden.
16 For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar.
17 Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala.