Moab går under
1 Domsord mot Moab.
Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herja
og gjekk til grunne.
Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herja
og gjekk til grunne.
2 Folket i Dibon ¬går opp til templet,
til offerhaugane og vil gråta.
Moabittane held klage
fordi Nebo og Medeba er tapte.
Kvart hovud er snauklypt,
alt skjegg er avraka.
3 I gatene går dei ¬med syrgjeplagg,
på tak og torg jamrar dei alle,
medan tårene renn.
4 Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar,
heilt til Jahas høyrest deira rop.
Difor jamrar Moabs krigsmenn,
dei skjelv og misser motet.
5 Mitt hjarta klagar over Moab.
Dei som rømer der, ¬kjem til Soar
og til Eglat-Sjelisjia.
Ja, oppetter bakken til Luhit
går folk og græt.
På vegen til Horonajim
klagar dei høgt ¬over samanbrotet.
6 For Nimrim-vatnet ¬vert ei øydemark;
gras og groe turkar bort,
det er ikkje meir noko grønt.
7 Difor tek dei det som er att
av det dei har samla,
og fører det over Seljebekken.
8 Ja, klageropet lyder
rundt om i Moab-landet;
jammerskriket når til Eglajim
og til Be’er-Elim.
9 For i Dimon ¬er vatnet fullt av blod.
Men endå meir ulukke ¬sender eg mot Dimon:
løver mot dei ¬som slapp unna frå Moab,
og mot dei som er att i landet.